Ledige stillingar som brannforebyggjar
Me søkjer etter to brannforebyggjarar i 100 % stilling
Ansvar og arbeidsoppgåver:
– gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
– saksbehandling
– bruk av IT-systemet Komtek brannforebygging
– ansvar for eigen arbeidsbil og utstyr/verktøy
– delta i informasjonsarbeid
– etterleve verksemda sitt HMS system
Kvalifikasjonar:
Svennebrev i feiarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav. Søkjarar utan svennebrev må ta utdanninga via eige utdanningsløp, og kurs på Norges brannskole etter tilsetting.
Det er krav om førarkort klasse B for stillinga.
Gode datakunnskaper.
Gode norskunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Anna/personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vert vektlagt høgt. Me søkjer personar som:
– er pliktoppfyllande, strukturert og opptatt av kvalitet i utføring av arbeidet.
– har god evne til å samarbeide og kommunisere med alle type menneskjer i alle samfunnslag.
– har evne til å sette seg sjølv inn i andre sin situasjon.
– er sosial og glad i å møte nye menneskjer.
– trivs med å arbeide sjølvstendig.
– vert motivert av å ta utfordringar.
– kan være ein omdømmebyggjar for faget og brannvesenet som tenesteleverandør.
Me tilbyr:
Spennande utfordringar.
Lønn etter kvalifikasjonar.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Ved spørsmål om stillinga eller ytterlegare informasjon, ta gjerne kontakt med fagansvarleg Kjell Arne Liahagen, tlf. 913 22 606, mail: kjell.arne.liahagen@hbr.no eller avdelingsleiar Ingar Danielsen, tlf. 959 80 063, mail: ingar.danielsen@hbr.no
Søknaden sendast til:
Hallingdal brann- og redningsteneste iks
Torpomoen 27
3579 Torpo
mail: britt.kristin.marken@hbr.no