Beredskap

Brannbil Gol

Kort om beredskap

HBR iks har ein brannstasjon i kvar kommune. Alle brannstasjonane har 16-20 deltidsmannskap som rykker ut ved alarm. I tillegg er det alltid ein innsatsleiar på vakt. Innsatsleiaren har vanlegvis vakt for fleire kommunar samtidig.

Brannmannskapet rykkar ut på alt frå brannar, trafikkulykker, akutt forureining og utslipp av farleg gods til automatiske brannalarmar og helseoppdrag. Avdelinga jobbar også regelmessig med kurs og øvingar for å vera godt nok forberedt på det som møter dei. Ein deltidsbrannmann må gjera akkurat same jobben som ein heiltidsbrannmann, og kjem ut for dei same situasjonane.

Me skapar trygghet nær deg!

Vakttelefon innsatsleiar

Vakttelefon innsatsleiar

Tlf: 90 79 07 99 

Feie- og tilsynsavdelingen, tlf.: 96 62 54 25

Brenning av bål:
meld frå til 110-sentralen i Tønsberg, tlf: 33314110

Fakturaadresse:
HBR iks, v/Felleskontoret for fakturabehandling, postboks 166, 3541 Nesbyen

Øvingsområde på Torpomoen

På Torpomoen er det svært god plass til øvelsar av alle slag, både ute og inne. Her får vi også øvd saman med politi, ambulanse og Norsk luftambulanse.

Vi har eget røykdykkaranlegg til varm røykdykking, og vi har fått nytt anlegg til kald røykdykking – med veggar som kan flyttast og lys/lyd etter behov.

Sjå meir om vårt varmt-anlegg her….
Sjå meir om vårt nye kaldt-anlegg «Vekterbygget» her….